page view image

Sesongopning med unik konsert på Skredhaugen

Skredhaugen opnar for sesongen sundag 23. juni kl 18.00. Sommaren er i gang på Skredhaugen på Lofthus. I år er den flotte kunstsamlinga etter Jon Bleie stilt ut. Her finn ein verk av Henrik Sørensen, Harald Kihle, Kristi Meland og andre kunstnarvener av Jon Bleie. I Nilsastova opnar utstillinga Mellom bakkar og berg, med måleri av Rolf Øidvin.

Information
event image

Unik konsert

Under opningsprogrammet vert det ein unik konsert med folkemusikar Vegard Vårdal. Han spelar på ein fiolin laga av Trond Isaksen Flatabø i 1764. Fiolinen er eigd av Hardanger folkemuseum, og er den eldste norskbygde fiolinen ein kjenner til. Felemakar Lukas Pawelka bygd ein kopi av denne fiolinen, og på konserten får ein høyra både den originale fiolinen og den nybygde. Vegar skal trylla frem både slåttemusikk og musikk henta frå  gamle notebøker frå 1700-tallet.

Vegar Vårdal vart kåra til årets folkemusikar i 2020, og fekk  ei utmerking forspelet sitt med Gammleng-prisen i 2021. Han reiser mykje rundt som pedagog, og er for tida oppteken med å skriva strykeorkestermusikk for dei unge talenta. Vil du ha eit lite gløtt av Vegar så titt inn på Instagram kor han kvar dag legg ut ei ny låt – Norwegianfiddle eller vevardal.

Kafe ved Skredhaugens vener

Skredhaugens vener har kafe under arrangementet, og byr på kaffi og kaker.