Benedicte Maurseth - Systerspel

Benedicte Maurseth har konsert på Hardanger folkemuseum sundag 5. mai kl 15.30. Då opar utstillinga Systerspel, og museet opnar for sesongen. Ordførar på Voss, Tonje Såkvitne, opnar utstillinga. Det vert og samtale mellom spelekvinnene Ingeleiv Kjerland Kvammen og Benedicte Maurseth.

page view image
event date

Sonntag 5 Mai 2024 15:30

Endet Sonntag 5 Mai 2024 17:00
Der Kalendereintrag passt sich Ihrer lokalen Zeitzone an
bestellen

Available items

Billett fullpris
Billett sesongkort
Billett student
Billett barn u. 16 år
event image

Event-Informationen

Benedicte Maurseth har laga ei gripande konsertførestilling om kvinnelege felespillarar som forsvann. Kvifor vart dei borte frå kvardag og høgtid, medvit og tanke, skrift og tale? Konserten er ein del av opningsprogrammet for utstillinga Systerspel, ei historisk, personleg og nærgåande musikalsk forteljing om lagnaden til spelekvinna i Noreg frå 1700 -talet og til i dag. Utstillinga fortel om spelekvinner som var blinde og beinlause, som spela i bryllaup og til dans, og som vart både ovundra og hindra i å spela. Ho tek også opp kvifor spelekvinna ei tid forsvann og vart borte, for så å koma attende i tradisjonen, og om korleis finna sin plass som spelekvinne på ny.

Systerspel

Benedicte Maurseth er hardingfelespelar, komponist og forfattar. Ho har turnert som solist både i Noreg og i utlandet, har fleire tingingsverk bak seg, og har skrive musikk for teater og film. Ho har gjeve ut fleire musikkalbum og skrive bøker, artiklar og essay.

Konsertframsyninga Systerspel vart laga til Osafestivalen i 2022, og er basert på boka Maurseth gav ut dette året. Utstillinga står på Hardanger folkemuseum frå 5. mai til 8. september 2024.

Desse står bak Systerspel: Benedicte Maurseth (komposisjon og manusutvikling), Hildegun Riise (regi, manusutvikling). Birk Nygaard (scenografi, lys og videodesign), Mari Kanstad Johnsen (illustrasjon), Kieran Kolle (video), Rune Døli (grafisk design), Jørgen Træen (lydkollasj).

Museum og kafé

Museet opnar kl 11 denne sundagen, og held ope til arrangementet er ferdig. kafeen i 3. høgda opnar kl 12. Her har me varm lunsj og gode kaker. Hjarteleg velkomne alle.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

 

Veranstalter
Hardanger folkemuseum og Agatunet