Nach Veranstaltungen suchen
Benedicte Maurseth har konsert på Hardanger folkemuseum sundag 5. mai kl 15.30. Då opar utstillinga Systerspel, og museet opnar for sesongen. Ordførar på Voss, Tonje Såkvitne, opnar utstillinga. Det vert og samtale mellom spelekvinnene Ingeleiv Kjerland Kvammen og Benedicte Maurseth.
26. mai 1293 vart det ført sak og inngått forlik i Lagmannsstova i Agatunet. Bleiediplomet er det nedteikna forliket i tvisten mellom bøndene på Indre og Ytre Bleie, om gjerdehald, beiterett og fordeling av legd. Lova Lagmann Sigurd Brynjulvsson dømde etter i saka, var Landslova av 1274, Noregs fyrste riksdekkande lovbok. Me er særs glade for å kunne invitere til eit føredrag om Bleiediplomet, og Landslova, med Jørn Øyrehagen Sunde denne dagen, på same plass som saka vart ført 26. mai 1293!
Hardanger folkemuseum på Utne og Haugesenteret i Ulvik deler kvart år ut Diktartavla til ein markant norskspråkleg lyrikar. I år heidrar me den allsidige poeten Per Olav Kaldestad med ein plass på Diktarstien!