Ferjefolket

Høyr Halvor Folgerø fortelja om Ferjefolket på Hardanger folkemuseum onsdag 6. november kl 19.30. Kafe og boksignering.

page view image
Event date

Wednesday 6 Nov 2024 19:30

Ends Wednesday 6 Nov 2024 20:30
order

Available items

Billett fullpris
Billett sesongkort
Billett student
Billett barn u. 16 år
event image

Event information

Vestlandet kan oppsummerast i tre f`ar: fjell, fjordar og ferjer. Ingen transportmiddel er meir elska og hata enn ferjene. Ein viktig del av den vestnorske folkesjela, anten vi likar dei eller ikkje. Sakte, men sikkert blir dei erstatta av bruer og tunnelar. I den nye boka si har Halvor Folgerø møtt ferjefolk, og samla historier om livet på og med ferjene. Om kvardagsliv, komikk, romantikk og dramatikk. Om storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø.

I foredraget på Hardanger folkemuseum onsdag 6. november får du høyre dei beste historiane, og sjå dei finaste bildene.

Halvor Folgerø er forfattar, musikar og journalist. Han har dei siste åra hatt stor suksess med bøkene sine om Vestlandsvegar.

Kafeen er ope, og etter foredraget blir det høve til å kjøpe signerte bøker.

Hjarteleg velkomne alle!

Organizer
Hardanger folkemuseum og Agatunet