page view image

FØREDRAG OM LANDSLOVA OG BLEIEDIPLOMET

26. mai 1293 vart det ført sak og inngått forlik i Lagmannsstova i Agatunet. Bleiediplomet er det nedteikna forliket i tvisten mellom bøndene på Indre og Ytre Bleie, om gjerdehald, beiterett og fordeling av legd. Lova Lagmann Sigurd Brynjulvsson dømde etter i saka, var Landslova av 1274, Noregs fyrste riksdekkande lovbok. Me er særs glade for å kunne invitere til eit føredrag om Bleiediplomet, og Landslova, med Jørn Øyrehagen Sunde denne dagen, på same plass som saka vart ført 26. mai 1293!

Information
event image

I 2024 er det 750 år sidan me fekk Landslova – ei oppsiktsvekkande lovbok som skulle stå seg i meir enn 400 år – og dette vert markert med ei rekkje arrangement over heile landet.

Landslova av 1274 var ei av berre fire riksdekkjande lovbøker som vart gjevne i europeisk mellomalder. Det gjer den til eit storverk i seg sjølv. Men Landslova var den fyrste av desse lovbøkene som vart brukt i praksis. Det gjer den ikkje berre til eit dokument som viser ein politisk ambisjon, men som faktisk viser retten i samfunnet etter 1274. Bleiediplomet er det fyrste fullstendige dokumentet som er bevart som viser norsk rettspraksis. Gjennom det kan ein sjå korleis fleire av Landslova sine reglar vart brukt i denne konflikten, som vart teken til lagmann Sigrud Brynjulvsson på Aga og løyst der. Herren på Aga, riddaren Sigurd Brynjulvsson, var ein av kring 16 lagmenn i Noreg på denne tida.

Me er særs glade for å kunne invitere til eit føredrag om Bleiediplomet, og Landslova, med Jørn Øyrehagen Sunde denne dagen, og det på same plassen som tvisten mellom bøndene på Ingre og Ytre Bleie vart avgjort i 1293. 

Jørn Øyrehagen Sunde er professor i norsk rettshistorie ved UiO. I 10 år har han leia det store forsknings- og formidlingsprosjektet Landslovprosjektet 2014-2024, og han har mellom anna nyleg gjeve ut den kritikarroste boka «Kongen, lova og landet» – om kong Magnus Lagabøte og lovboka som vert omtala som eit fundament for norsk rett, politikk og samfunn. Han var og omvisar i Agatunet i sin ungdom!

Øyrehagen Sunde er ein heilt usedvanleg god og engasjerande formidlar, og me kan lova dykk ein spanande, innsiktsfull og lærerik stund i Lagmannsstova denne dagen.

Velkomen til eit føredrag om eit heilt spesielt dokument, dømt etter ei heilt spesiell lov, på ein heilt spesiell stad!

Billettar: 100/90. Vert tilgjengeleg via Ticketco frå 12. april kl 12.00. Eventuelt overskytande billettar vert selde i døra.

Foredraget er ein del av Agatunet sine arrangement i høve Landslovsjubileet. Seinare i år – den 21.6 – opnar me ei utstilling om eigedomstilhøve i Landslova, om odel, jordskifte og frukthagar – emne som både i mellomalderen og samtida er viktige for vår region. Fleire føredrag vert det og til hausten. Vårt jubileumsprosjekt har fått finansiell støtte av Vestland fylkeskommune, Ullensvang kommune og Sparebanken Vest.