page view image

Rørospols og Telemarksslåttar med Kuraas og Meyer Fjeld

EVENT INFORMATION
event image

To sterke folkemusikktradisjonar møtar kvarandre på Hardanger folkemuseum når Mads Kuraas kjem med Rørospols og Lars-Ingar Meyer Fjeld spelar Telemarksslåttar. Konserten er fredag 30. september kl 19.30. 

Mads Kuraas kjem frå Røros. Han har spelt fele heilt sidan sjuårsalderen, og jobbar til dagleg som musikk- og kulturskulelærar i Røros og Os kommune. Han er utdanna ved Rauland og Ole Bull akademiet, og skreiv i 2016  mastergrad om spellmenn og Rørosmusikken. Som musikar er han aktiv med konsertar over heile landet. Han er A-klassing frå landskappleik, og fungerer til dagleg som musikalsk leiar i Glåmos spellmannslag. I tillegg er han dagleg leiar i folkemusikkformidlingsselskapet Folkemusikk Røros AS.
Det er den kraftfulle Rørospolsen som står hjartet hans nærast, og det er det han vil presentera på denne konserten.

Lars-Ingar Meyer Fjeld er ein av landets fremste spelemenn på hardingfele og kan visa til fleire pallpassar i A-klassa på landskappleiken, samt CD-en "Hardingfele" som vart nominert til spelemannsprisen i 2017. Han har dykka djupt ned i slåttematerialet i Telemark, med særleg vekt på tradisjonsområda Tuddal og Tinn. Av dei fremste førebileta hans må nemnast Johannes Dahle, Olav Løndal, Anders Buen og Eivind Mo.

Dette vert eit fantastisk fint musikalsk møte mellom to framifrå musikarar og to kraftfulle tradisjonar!

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.