Language
Help
© TicketCo AS 2024.
Legal terms for ticket buyers
Legal terms for organizers.
Fredag 22. november vert det lanseringa av Boka Stølar og buer i Kvenne-, Veig- og Kinsevassdraga på Hardanger folkemuseum. Forfattarane Johannes Sekse og Reidar Borgstrøm fortel frå boka, som presenterer bakgrunnshistoria til dei 48 stølane som har vore etablert i desse områda. I tillegg er mange av buene som vart sett opp tidleg på 1900-talet med, saman med fjellstyrehytter og turisthytter som ligg i Ullensvang kommune. I tilknyting til stølar og buer får me høyra om mange kvardagshendingar; frå buføringar, stølslivet til budeier og budeiedaltar, ulukker, heltegjerningar, og litt om villrein og fiske.
Reidar Borgstrøm (fødd i 1942), frå Odda. Han er cand. real. frå Universitetet i Oslo, dr. agric frå Noregs landbrukshøgskule (NLH), og professor emeritus same stad ved det som no heiter Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. Reidar har skrive fleire hundre vitskaplege og populærvitskaplege artiklar og ulike forskningsrapportar. Han har vore redaktør og medforfattar av vitskaplege bøker og lærebøker. Ein del av forskningsinnsatsen har vore lagt til Hardangervidda, særleg i Litlosområdet, der han òg har vore rettleiar for eit stort tal masterstudentar. Dei siste tiåra har han vore oppteken av villreinforvalting, og skrive avisartiklar, populærvitskaplege og vitskaplege artiklar om villrein og villreinforvalting. Han bur i Ås, der han i ei årrekke har vore med i styret i Ås mållag.
Johannes H. Sekse (fødd i 1949). Lærarutdanna på Stord og i Notodden med realfag og norsk som tilleggsfag. Han var lærar ved Rimbareid skule i Fitjar og Hauso skule i til saman 11 år. Byrja som frilansjournalist i bladet Sunnhordland, var deretter redaktør i «Marsteinen» i Austevoll, og bladet «Hardanger», før journalistkarriere i Hardanger Folkeblad frå 1984 til 2011. Johannes engasjerte seg i kampen for vern av Veig på 1970-talet, og skreiv mange lesarinnlegg i samband med det. Engasjementet førde òg til at han byrja på ei bok om Veigdalen. Målet er å ferdiggjera den no når stølsboka er på plass. Dreiv elles slektsgarden på Sekse med sau og frukt frå 2008 til 2022. Han har òg hatt mange verv. I dag er han m.a. styremedlem i Hardanger Folkeminnelag, og styremedlem og seinare leiar i Ullensvang Mållag dei siste ti-tolv åra.
Kafeen er ope, og etter foredraget blir det høve til å kjøpe signerte bøker.
Hjarteleg velkomne alle!