page view image

Boklansering med Jørn Øyrehagen Sunde

Velkomen til boklansering på Hardanger folkemuseum tysdag 30. september kl 19.00. Jørn Øyrehagen Sunde fortel frå den nye boka si, "Forsvarstale for eit vondt menneske". Han får fylgje av eit musikalsk innslag, ope kafé, og noko godt i glaset.

Informasjon
event image

Forsvarstale for eit vondt menneske

Velkomen til boklansering på Hardanger folkemuseum tysdag 30. september kl 19.00. Jørn Øyrehagen Sunde fortel frå den nye boka si, "Forsvarstale for eit vondt menneske". Han får fylgje av eit musikalsk innslag, ope kafé, og noko godt i glaset.

Ei norsk kvinnehistorie frå 1700-talet

Ei nådelaus kvinne. Eit liv utan tilgiving. Kari Knutsdotter drap fire av dei fem barna sine – og kona til elskaren sin. Ho laug. Ho bedrog. Ho dikta og manipulerte. I 1771 vart ho halshoggen, dømd som ein av Noregs mest omsynslause mordarar. Men kven var ho – eigentleg? Og kva var det som skapte eit menneske i stand til så grufulle handlingar? I denne gnistrande og urovekkande forteljinga tek Jørn Øyrehagen Sunde oss med inn i eit mørkt kapittel av norsk retts- og kvinnehistorie. Med skarpt blikk og historisk innsikt teiknar han eit breitt bilete av makt og menneske, tru og overtru på 1600- og 1700-talet, og byrjinga på det moderne samfunnet. Samstundes skriv han fram eit forsvar for ein person som knapt fortener det – men som likevel tvingar oss til å stille spørsmålet: Kvar kjem det vonde frå?

Kari Knutsdotter er for lengst død og gløymd, men kanskje kan samfunnet ho levde i, og livet og vala hennar tene som ein spegel vi kan sjå oss sjølve i – og gjera oss merksame på kjeldene til vondskap i vår eiga.

Jørn Øyrehagen Sunde

- er professor i rettshistorie. Han har tre gonger fått undervisningsprisen ved Juridisk fakultet i Bergen, i 2012 fekk han Meltzer-prisen for framifrå formidling, og i 2023 Sarton-medaljen for framifrå rettshistorisk forsking. I 2025 ga han ut den kritikerroste boka Kongen, lova og landet.

Restriksjoner

Selde billettar vert ikkje refundert.