page view image

Familiesundag med konsert

Informasjon
event image

Poeten Ruth Lillegraven og musikar Annlaug Børsheim inviterer til poesikonsert for heile familien på Utne sundag 22.oktober kl 14. Det vert både opplesing og musikalske tolkingar av dikta til Ruth, dikt som skildrar korleis det er å vere både ung og levande og gamal, korleis kjensler svingar frå vår til sommar til haust og vinter, å vere redd og å tore - blant anna.

Dikta er henta frå dei tre kritikarroste barnediktbøkene Eg er eg er eg er (2016), Skogen den grøne (2018) og Badesommar (2023), som alle er illustrert av Mari Kanstad Johnsen. Annlaug har tonesatt fleire av dikta til Ruth, først og fremst dikt frå boka Eg er eg er eg er. Musikken er inspirert av norsk folkemusikk i møte med andre tradisjonar og sjangrar og Annlaug speler både hardingfele, gitar og syng.

Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin der ho no er busett. Ho debuterte som forfattar i 2005, og har sidan skrive ei rekkje bøker både for barn og vaksne. Lillegraven er mest kjend for diktsamlingane sine, men har òg skrive mellom anna to psykologiske thrillerar, ein roman og fleire skodespel. I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. Den første diktsamlinga hennar for barn, Eg er eg er eg er (2016), vart nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen. Ho har også hatt fleire scene-samarbeid med ulike musikarar.

Annlaug Børsheim (f.1982) frå Ulvik, busett i Bergen. Ho arbeider som frilans musiker innanfor eit breitt spekter av sjangrar og sceniske uttrykk. I 2023 gav ho som del av duen Djønne&Børsheim ut plata Skyer av Perlemor, der ho og Rannveig Djønne har tonesatt fleire av Ruth Lillegraven sine dikt frå bøkene Urd og Sigd. Annlaug var òg ei av spelarane på utgjevinga Slåttar frå Kvam, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang i lag med Knut Hamre, Benedicte Maurseth og Lajla Buen Storli, ei utgjeving som kom i mars 2023. Ho speler fast i Frode Grytten Beat Band og turnerer med fleire produksjonar for Den Kulturelle skulesekken.

Ope kafé

Museumskafeen er ope frå 13 - 16. Hjarteleg velkomne alle!

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.