Konsert Lajla Buer Storli
Agatunet opnar for sesongen laurdag 9. mai kl 15.00 med ny kunstutstilling av Lars Korff Lofthus og konsert med Lajla Buer Storli. Programmet startar med opning i Asbjørnsløa og held fram med konsert i Lagmannsstova. Lajla held opningstale.
Utstillinga
I Lars Korff Lofthus (f. 1978) sine maleri møtast ulike miljø: hardangerstover med framskap og bondesenger, kraftige mannekroppar og store landskap – alt måla med eit personleg og karakteristisk blikk. Tidlegare måla han vestlandslandskapet – ikkje det nasjonalromantiske, men det vestlandske slik mange kjenner det i dag: gjennomskåre av tunnellar, prega av brøytestikker og moderne infrastruktur. Etterkvart har Lofthus vendt blikket innover, mot kulturarven frå Hardanger, og sitt eige skeive tilvere.
Konserten
Lajla Storli vaks opp i Kvalvik i Hardanger, men bur no i Revetal i Vestfold. Ho har spelt hardingfele sidan ho var lita jente, og formidlar hovudsakleg slåttar frå Hardanger. Lajla er også folkesongar, og legg stor vekt på songarven heimanfrå. Fleire av desse songane og slåttane bruka ho då ho jobba i Agatunet som guide, og ho syns det alltid er noko eige å formidla desse tonane i tunet som ligg hjarta hennar nært. Musikken høyrer liksom heime der mellom hus og levde liv, seier ho. Tonar som har vore med folket før og no, til trøyst og til glede. Konserten vert eit nært møte med strenger og stemme.
Tunet
Agatunet held ope frå kl 11 denne dagen. Kafeen er også ope.