page view image

Konsert Lajla Storli og Steinar Strøm

Hardanger folkemuseum inviterer til konsert med Lajla Storli og Steinar Strøm, sundag 4.mai kl.15.30. Konserten er ein del av opninga av utstillinga "Dekor på tre".

Informasjon
event image

Dette vert ein konsert der to tradisjonar står likestilt, og eit spanande møte mellom spelemannen frå Sigdal, Steinar Strøm, og spelekvinna frå Hardanger, Lajla Storli. Steinar & Lajla vart kjende med kvarandre i 2010 då Lajla flytta frå vestlandet til austlandet. Dei har gjennom åra lært mykje av å lytta til kvarandre sitt spel, noko som har vore svært inspirerande. No vil dei dela musikken med publikum og få fram kva som skjer i møte mellom to utøvande hardingfelespelarar, som begge står støtt i kvar sin tradisjon. Dei fokuserer på å visa fram slåttar som betyr mykje for dei, og det kan tenkjast at publikum får høyra litt samspel med musikk både frå aust og vest.