Utstillingsopning og konsert, Lajla Storli og Steinar Strøm
Hardanger folkemuseum inviterer til konsert med Lajla Storli og Steinar Strøm, sundag 4.mai kl.15.30. Konserten er ein del av opningsprogrammet til utstillinga "Dekor på tre".

Dette vert ein konsert der to tradisjonar står likestilt, og eit spanande møte mellom spelemannen frå Sigdal, Steinar Strøm, og spelekvinna frå Hardanger, Lajla Storli. Steinar & Lajla vart kjende med kvarandre i 2010 då Lajla flytta frå vestlandet til austlandet. Dei har gjennom åra lært mykje av å lytta til kvarandre sitt spel, noko som har vore svært inspirerande. No vil dei dela musikken med publikum og få fram kva som skjer i møte mellom to utøvande hardingfelespelarar, som begge står støtt i kvar sin tradisjon. Dei fokuserer på å visa fram slåttar som betyr mykje for dei, og det kan tenkjast at publikum får høyra litt samspel med musikk både frå aust og vest.
Utstillinga Dekor på tre inneheld mange skattar frå museumssamlingane. Fleire av desse har ikkje vore vist for publikum før.
Rosemåling, karveskurd og svidekor finn me på ei rekkje, vakre bevarte gjenstandar frå 1700- og 1800-talet. Dei kjem frå gardane kring Hardangerfjorden, og var ein del av dagleglivet til folk før i tida. Det var langt frå tilfeldig kva for gjenstandar som vart dekorerte. Her er kjenger med hestehovud, rosemåla bollar, lagga staup ved svidekor. Desse drakk ein øl av i festlege lag. Smørformene og stettefata høyrte og med til samkomer, brakt til gards i rosemåla sendingskorger, saman med grautambaren. Likeins dekorerte ein kister og skrin, der ein hadde sine kjæraste ting. Motiva i dekoren har røter langt attende i tid, knytt til fruktbarheit og grøde.
Karveskurd er ei form for treskjering der motiva ofte er geometriske figurar, som sirklar og rosettar. Svidekor vart laga ved å varma opp jarn i ulike geometriske formar, og brenna mønsteret inn i treverket. Begge desse er svært gamle teknikkar. Rosemålinga vart for alvor populær frå slutten av 1700-talet. Her er det måla stiliserte blomar og rankar, men òg motiv frå bibelsoga, eksotiske dyr og portrett. Mange kjende rosemålarar har virka i Hardanger, mellom anna Gunnar Arnfinnson Aarekol, som utstillinga viser fleire arbeid av.
Utstillinga inneheld over 100 gjenstandar, alle henta frå museet sine samlingar.