page view image

Føredrag: Magnus Lagabøte, Landslova og odelsretten

Kva har landslova hatt å seie for utviklinga av odelsretten - frå mellomalderen og fram til i dag?

Informasjon
event image

Magnus Lagabøte si landslov sette sterkt preg på norsk politisk historie og rettsutvikling i lang tid framover – på nokre område heilt fram til våre dagar. Eitt av desse områda er odelslovgjevinga.

Under kongane Håkon Håkonsson (1217-1263) og sonen Magnus Lagabøte (1263-1280) vart det arbeidd med svært omfattande lovreformar som markerte store endringar i styringsverk, menneskesyn og rettsliv i Noreg, mykje under innverknad frå kristen humanisme og europeisk lærd rett. Magnus Lagabøte si landslov frå 1274 er sjølve krona på dette verket. Ho danna også grunnlaget for ei landsomfattande bylov som vart utstedt to år seinare.

750-årsjubileet for Landslova har difor vore gjenstand for storstilt feiring i år, og i åra fram mot jubileet for omfattande tverrfagleg forsking. Ved å formidle noko av denne forskinga vil Norseng i sitt føredrag drøfte kva som gir oss grunn til å feire Landslova på lik line med andre store nasjonale jubileum.

Føredragshaldaren Per G. Norseng er professor emeritus i historie ved Universitetet i Søraust-Noreg og har levert bidrag om odelsretten i eit par av forskingspublikasjonane som er utgjevne til Landslovjubileet i år. Han har også tidlegare publisert fleire artiklar om odelsretten.

 Begrensa tal plassar.

Føredragshalder Per G. Norseng


foredrag

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert