page view image

Gabriels Novgorod

På konsert med Gabriels Novgorod kan du få høyra originale tolkningar av hardtsvingande finsk humppa, jiddisk tango og lengselsfulle valsar, nordsvensk swing (med kossakktrinn) og lærerike songer på tysk av Bertold Brecht/Kurt Weill. Med innleving og temperament og kraftfull firstemt song. På eit utall språk. Etnisk populærmusikk frå Østersjøområdet frå 1930-, 40-, 50- og -60-talet! Bandet har også eit fristande bonusrepertoar med ur-vestlandske songar.

Informasjon
event image

Gabriels NOVGOROD

Gabriels Novgorod består av Gabriel Fliflet (trekkspel, song), David Chelsom Vogt (fele, song), Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, song) og Jørgen Sandvik (gitar, song).

Gabriels Novgorod vart danna i 2003, og har m.a. spilt på Oslo World, Førdefestivalen, VossaJazz, NattJazz og Balkanfest.

Gabriel Fliflet vaks opp omgitt av songar på svensk, finsk, norsk, tysk og andre språk. Han vart kåra til Årets folkemusikar 2011. Mange kjenner han frå samarbeidet med trommeslagar Ole Hamre i duoen Fliflet/Hamre, som sidan 1991 har begeistra både kritikarar og publikum. I denne samanhengen auser han m. a. av sin kjennskap til etnisk populærmusikk frå sitt finske fødeland.

David Chelsom Vogt og Jørgen Sandvik har spelt saman frå dei var små. Best kjend er de frå bandet Real Ones, som fekk Bylarmprisen 2007, Spellemannsprisen 2009 og 2013. Jørgen fekk også Spelemannsprisen for soloplata si i 2018.

Prisbelønte Kristoffer Chelsom Vogt deltar med storebror David i nyskapande Kniv og Taffel Swingjazzorkester og med Gabriel Fliflet i hans og Jon Fosses verk Åresong. Både Kristoffer Vogt og Jørgen Sandvik var sentrale i Fliflets bestillingsverk til Vossajazz 2013 – Valseria, og hans prosjekter Sanger fra byen og Sevje.

Sjå og høyr Gabriels Novgorod - inkludert kosakkdans: https://www.youtube.com/watch?v=Y6lto0ZKsxE

Hjarteleg velkomne alle!

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.