page view image

Sesongopning på Skredhaugen, konsert Rannveig Djønne

Arrangementsinformasjon
event image

Me gler oss til å opna sommarens utstillingar i Nilsastova og nede i Bleiesamlinga. I Nilsastova kan besøkande oppleva tekstilkunst av Joronn Ystaas, og nede i Bleiesamlinga heng «Symbiotisk avskjed», ei dialogutstilling mellom Maria Pasanau og verk frå kunstsamlinga etter Jon Bleie. Det vert opningstale ved Guro Kvalnes og innlegg ved Britt Sekse og Lars Korff Lofthus, før me avsluttar med konsert med Rannveig Djønne.

Kafe ved Skredhaugens vener.