page view image

Sundagskonsert med Mjøs og Stubsveen

Arrangementsinformasjon
event image

Sundagskonsert på Hardanger folkemuseum 13. nov kl 18.30, med Johanne Løkensgard Mjøs frå Bergen og Sigrid Stubsveen frå Engerdal som endeleg har gjort alvor av å spela saman som duo! - og spelt inn flunkande ny plate!

Korleis spelekvinner frå kvar sin kant av landet finn ut at dei vil spele saman, spør du? Tja... Johanne trakterer både fele og hardingfele, og med fela er det musikken frå Nordland og Troms som har fengsla. Sigrid har gjort det til sitt livsprosjekt å spele engerdalsmusikk på fela. To ganske ulike tradisjonar har likevel nokre likskapar. Slåttane er korte og melodiane kanskje litt rare, og med temperamentsfulle nordlandsslåttar med mykje vêr, og knudrete engerdalsslåttar som kanskje pratar litt meir i koppen, lagar Johanne og Sigrid morosame og varierte konsertar som held deg vaken!

I kafeen byr me på nysmurde potetkaker og andre gode kaker. Ta ettermiddagskaffien på Hardanger folkemuseum saman med konserten! Kafeen opnar ein time før, kl 17.30

Velkomne til ei humørfylt konsertoppleving!

Billettar: 300/270

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.