Fliflet, Henderson og Burgess

Forrykande konsert med Garbriel Fliflet, Henderson og Burgess på Hardanger folkemuseum, fredag 12.september 2025 kl.19.30.

page view image
Arrangementsdato

fredag 12 sep 2025 21:30

Slutter fredag 12 sep 2025 23:00
BESTILL

Tilgjengelige varer

Billett fullpris
Billett barn u/16
Billett sesongkort
Billett student
event image

Arrangementsinformasjon

Henderson, Fliflet & Burgess spelar raske rilar, så harpiksen fyk og golvet gyngar. Dei syng om kvalfangst, venskap og vågemot, på engelsk og -norsk. Det er mykje salt og sjø i lufta og Nordsjøen kjennes aldri langt borte. Her trives både vemod og gapskratt medan karane føl kvarandre tett. Det flyt, det duvar, det svingar - lett og tett, rått og godt.

Kevin Henderson er ein av Storbritannia sine beste felespelarar. Han er frå Shetland, den forblåste øygruppa nord for Skottland, kor musikklivet boblar, og den tradisjonelle felemusikken står sterkt. Kevin har spelt frå han var liten gut, og turnerer verda rundt, bl.a. som medlem av Fiddlers´ Bid, Nordic Fiddler´s Bloc og den legendariske irsk-skotske gruppa Boys of The Lough.

Gabriel Fliflet er ein nysgjerrig musikar som mange kjenner frå samarbeidet med trommeslagar Ole Hamre i duoen Fliflet/Hamre, kvartetten Gabriels Novgorod eller eitt av mange tingingsverk, som Åresong (med dikt av Jon Fosse) og Rose (Robert Burns på norsk). Gabriel har trekkspel som hovedinstrument, syng, og spelar piano, og har samarbeida med mange av Noregs fremste folkemusikarar.

Richard Burgess er engelskmannen som kom til Noreg i 1976 med ein ryggsekk og ein gitar - og som er her enno. I mellomtida har Burgess markert seg som ein særprega visesongar og folkemusikar, med ei malmfull røyst som han akkompagnerer med gitar og concertina. Han opptrer både solo og i grupper som Doggerland, Fat Dog og Foghorn. Han er og skribent, lærebokforfattar og kåsør.

Organizer
Hardanger folkemuseum og Agatunet