Lansering av boka ATTRÅ - om kunstnaren Lars Korff Lofthus sin kunst

Laurdag 21. september er det Hardanger-lansering av boka i Agatunet. Der møter kunstnaren til ein samtale med forfattar, litteraturvitar og formidlar Tora Døskeland, busett på Grimo. Møt opp og få boka signert. Kafeen er open.

page view image
Arrangementsdato

lørdag 21 sep 2024 17:00

Slutter lørdag 21 sep 2024 18:30
Kalenderelementet vil tilpasses din tidssone
BESTILL

Tilgjengelige varer

Gratisbillett til boklansering Lars Korff Lofthus
event image

Arrangementsinformasjon

Biletkunstnaren Lars Korff Lofthus frå Lofthus, har den siste tida hausta anerkjenning for sin måte å presentere folkekultur, natur og erotikk. No kjem boka  ATTRÅ om hans kunstnarskap.

Boka er ein presentasjon av kunstnarskapen til Lars, med særleg fokus på dei fire siste separatutstillingane hans. Her er tekstar skrivne av forskar og sosiolog Merete Jonvik, kulturskribent, kritikar og kurator Bjørn Hatterud, og Lars Korff Lofthus sjølv. Boka gjer også lesaren innblikk i prosessen bak bileta, og inneheld eit omfattande biletmateriale av Lofthus sin rikhaldige maleriproduksjon, samt frå kunstnaren sitt studio og frå heimstaden. 

Attrå er gjeven ut av forlaget Entrée. Boka er utforma av designar Øystein Arbo. Bent Rene Synnevåg er fotograf, og Cecilie a. Størksson har vore redaktør for boka.

Arrangementet er gratis, men meld din ankomst ved å bestille ein gratisbillett her på Ticketco.
Det vert mogeleg å kjøpe boka og få den signert. Kafeen er open under arrangementet.

Lars Korff Lofthus sine verk har denne sommaren vore stilt ut i Kristiansand Kunsthall.


Lars Korff Lofthus er oppvaksen på Lofthus og utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen, avd. Kunstakademiet, Det kongelige Danske Kunstakademi og Nordiska Konstskolan i Kokkola, Finland. Arbeida hans er kjøpt inn av blant anna Nasjonalmuseet, Bergen Kunstmuseum KODE, Oslo kommune, Equinor og Universitetet i Agder. Kunstnaren veksler mellom bustad i Bergen og Hardanger, der han også har arbeidsplass og atelier i det tidlegare fruktlageret på Børve.


Arrangementet er eit samarbeid mellom Agatunet og Hardanger kunstlag.


Foto maleri:

Interiør (Rambergstova) 2024
Akryl og pigment på lerret 190 x 320
Foto: Bent René Synnevåg

Portrett Lars
Foto: Vegard Ekberg

Organizer
Hardanger folkemuseum og Agatunet