© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Velkomen til konsert og dans med Strengjarhaugen spelemannslag på Hardanger folkemuseum, onsdag 2. desember kl.18.30. Her er det studentar ved Ole Bull Akademiet på Voss som verkeleg brenn for å formidla folkemusikk og folkedans, så variert som det går an. Spelemannslaget består av song, fele, trekkspel, toradar og naturleg nok, bass og gitar. Laget vert leia av Vegar Vårdal. Med finalespeling frå Landsfestivalen i Gamaldans bak seg så kan me trygt seia at dette er god dansemusikk, og me håpar de tek med dykk danseskoa. I tillegg vert det nummer kor du berre kan lena deg godt tilbake på stolen og oppleva korleis dagens talent tolkar og framfører kulturarven vår. Hjarteleg velkomen til konsert.
Konsert og dans varar til kl 20.15. Me rundar slik at ein rekk ferja til Kvanndal kl 20.30.
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling, og med støtte frå Norsk kulturråd.