page view image

Tradish

Dansk/irske Tradish er på turne i Noreg, og spelar på Hardanger folkemuseum, torsdag 11. april kl 19.30. Tradish spelar irsk folkemusikk med moderne innslag, og har ei ope og personleg tilnærming til den tradisjonelle irske musikken. Med ei blanding av gamal og ny musikk, historieforteljing og eigne komposisjonar, viser bandet ei sterk forankring og respekt for røtene.

Informacje
event image

Tradish er:

John Pilkington: vokal, guitar, bouzouki

Louise Ring Vangsgaard: fiolin, viola, vokal

Brian Woetmann: bodhrán, perkusjon, mandolin, vokal, step

På konserten får ein høyra låtar frå bandets siste album, Handmade tales, ei samling nylaga irsk musikk på handlaga instrument av tre, strenger og geiteskinn. Tradisjonell irsk musikk har i løpet av dei siste 200 åra vekse til eit kraftfullt tre med forgreiningar, skot og spirer over heile verda. Me gler oss til å høyra Tradish.

Hjarteleg velkomne alle!

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.