page view image

Dansekonsert med Strengjarhaugen spelemannslag

Velkomen til konsert og dans med Strengjarhaugen spelemannslag på Hardanger folkemuseum, onsdag 24.september kl.19.30.

Information
event image

Dansekonsert med Strengjarhaugen spelemannslag

Velkomen til konsert og dans med Strengjarhaugen spelemannslag på Hardanger folkemuseum, onsdag 24.september kl.19.30. Her er det studentar ved Ole Bull Akademiet på Voss som verkeleg brenn for å formidla folkemusikk og folkedans, så variert som det går an. Spelemannslaget består av song, fele, trekkspel, toradar og naturleg nok, bass og gitar. Laget vert leia av Vegar Vårdal. Med finalespeling frå Landsfestivalen i Gamaldans bak seg så kan me trygt seia at dette er god dansemusikk, og me håpar de tek med dykk danseskoa. I tillegg vert det nummer kor du berre kan lena deg godt tilbake på stolen og oppleva korleis dagens talent tolkar og framfører kulturarven vår. Hjarteleg velkomen til konsert. 

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling, og med støtte frå Norsk kulturråd.

Restriktioner

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.