Hjälp
© TicketCo AS 2025.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
DRAUMKVEDET – Berit Opheim, Karl Seglem, Nils Økland, Sigbjørn Apeland
Draumkvedet, vår mest kjende middelalderballade, er ein ekte januarklassikar og ein tradisjon for mange musikkelskarar. Ein av våre fremste folkesongarar, Berit Opheim har arbeidd med Draumkvedet i heile sitt kunstnarliv og framført det tallause gonger. Slik ingen andre kan, formidlar ho historia om Olav Åsteson som sovnar julaftan og vaknar opp 13. dag jul.
I Utne kyrkje tolkar Berit Opheim det store visjonsdiktet saman med tre av sine beste musikarvener, Karl Seglem, Nils Økland og Sigbjørn Apeland, som alle er kjende for å søkje nye uttrykk og utfordre det etablerte. Draumkvedet i januar med Berit Opheim og desse tre fantastiske musikarar i ryggen, er ei oppleving å ta med seg enten du skal møte balladen om Olav Åsteson for første gong eller har det som ei årleg hending.
Utgangspunktet for konserten er cd-utgjevinga Opheim/Seglem gjorde i 2009, der den kjende middelalderballaden står fram som eit eineståande musikalsk visjonsdikt.
“Varmen og klangfullheten i stemmen og hennes vare lydhørhet for balladens stemningsrikdom er med på å dra deg inn i fortellingens dype alvor. Hennes vokale grep er totalt. Hun er den fremste i sin kunstform, og viser igjen sitt mesterskap”
(Aftenposten (N) om cd-utgjevinga)
Støtta av: Kulturrådet, Vestnorsk jazzsenter, ffuk.no, Vestland Fylkeskommune.
Berit Opheim, vokal
Karl Seglem, bukkehorn, elektronikk
Nils Økland, hardingfele
Sigbjørn Apeland, trøorgel
Arr. Hardanger folkemuseum og Utne sokneråd